Velkommmen til oss.

Velkommen til oss. Me er lokalisert på Leikanger i Sogndal Kommune. Etter ein travel vår, kunne vi den 3 juli 2017 ynskje velkommen til vårt vesle hundepensjonat i kjellaren på den gamle fjøsen vår. Vi har sidan den tid utvikla og bygd opp stadig nye bygningar og fasilitetar som gjer at din  hund skal ha det bra når den er hjå oss. 

Våre firbeinte venner fortjener det aller beste. Hjå oss bur hundane åleine med god plass i kvart sitt rom og vi strekker oss langt for å prøve å gjere kvardagen til hunden din så god som mogleg når den er her hjå oss. Vi skal legge tilrette for at din hund vil komma fornøgd heim med eit ynskje om å komme tilbake hit for eit nytt opphold hjå oss ved ein seinare anledning.

Vi har 8 rom som er 3-5 kvadratmeter store i kjellarpensjonatet. Hundar som bur saman til vanleg har difor moglegheit til å bu saman i ein av våre største rom. Vi har ein eigen avdeling (med 4 rom) som vi nyttar i høgsesong og dersom vi har tisper med løpetid som kjem til oss. Vi har store inngjerda områder der det er mogleg for både leik og aktivisering som passar for din hund. 

Alle hundar skal glede seg til å komme tilbake, og eigar kan ta sin velfortjente ferie vel vitande om at hunden har eit flott og tryggt opphold. Vi føler det samme ansvar for din hund som deg sjølv, og behandlar alle våre overnattingsgjester med omsorg og stell som om de skulle vore våre eigne.

Booking

Ring eller send sms så sjekkar vi kapasiteten og sender deg raskt eit svar tilbake.

Så ring 48494437 om du ynskjer plass til din hund eller send ein sms, så ringer eg deg.