Vilkår

 

  • Inn og utlevering skal skje i åpningstid mellom 17.00-18.00  eller på avtalt tidspunkt. Henting og levering utanom åpningstid kan kun avtales i spesielle tilfeller mot evt pristillegg.
  • Kunden godtek at hunden kan bli utlevert etter endt opphold mot fullt oppgjer. Betalingsterminal eller betaling til VIPPS vert akseptert. Dersom hunden vert henta tidlegare enn avtalt, betalast det for opprinneleg avtalt opphold.
  • Prisen på oppholdet gjeld frå den dagen kunden leverer hunden til sitt opphold ved Leikanger Hund og til den dag hunden vert utlevert frå Leikanger Hund etter endt opphold .
  • Kunden godtek at Leikanger Hund kan på kundens rekning og risiko bestille veterinær til hunden ved mistanke om sjukdom eller skade. Dersom det skal vera avgrensingar i behandlingen hunden mottek i ein slik situasjon , må dette avtalast på forehand skriftleg med Leikanger Hund. All sjukdom og skade hunden har ved levering til Leikanger Hund, skal eigar uforpliktande opplyse om i skjema for opplysningar for hunden. Leikanger Hund tek ikkje imot hundar som har smittsom sjukdom eller parasitter.
  • Leikanger Hund kan ikkje på nokon måte gjerast økonomisk ansvarleg for skader/sjukdom/dødsfall som fylje av forhold før, under eller etter oppholdet, med mindre grov uaktsomheit kan påvisast.
  • Kunder som vel å ta med leiker og utstyr til hunden under oppholdet , gjer dette på eigen rekning og risiko. Tapte og / eller øydelagde effekter erstattes ikkje. Alt utstyr skal merkast.
  • Kunden skal framvise gyldig vaksinasjonsattest ved innlevering av hunden til opphold. For å ha gyldig attest må hund som er yngre enn ett år være minimum 12 veker ved siste vaksinasjon. Dersom hunden er eldre enn eitt år skal den vera vaksinert ved ca  eitt års alder og maksimum 12 månader etter førre vaksinasjon. Ved førstegangsvaksinasjon må det ha gått minimum 2 veker frå vaksinering. Attesten skal vera yngre enn 12 mnd mht kennelhoste og yngre enn 2 år mht valpesyke, parvo og smittsom leverbetennelse.
  • Leikanger Hund forpliktar seg til å ivareta hunden og gi den godt tilsyn når den er hjå oss.
  • Leikanger Hund kan fritt ta bilder av hunden og publisere dette på si heimeside eller facebook-side. Namn på eigar skal ikkje publiserast. Dersom kunden ynskjer å reservere seg mot dette, må dette avtalast ved levering av hunden.
  • Bestillingen er bindande og eventuelle avbestilling må skje skriftleg.
  • Avbestilling som skjer 1-7 dagar før avtalt opphold startar må betalast fullt ut. Avbestiling som skjer mellom 7-14 dagar før opphold startar må 50% av oppholdet betalast.
  • Avbestilling må skje 14 dagar før oppholdet startar.
  • Avbestillt plass kan Leikanger Hund fritt benytte til andre hundar.