Hundefrisør

Eg har gjennom mange år klyppt hundar for andre som treng kvardagsklypp. Eg har tilegna meg min eigen kompetanse på område gjennom åra og ved å stadig læra nye raser. 

Eg klypper kun til kvardagsklypp og  har ikkje kompetanse på utstillingsklypp for ulike rasar. 

I tillegg kan eg nappe dei rasar som treng dette. 

Trening

Treng du hjelp til å trene din hund? Eg tilbyr privattimar med hundetrening, ta kontakt for å få hjelp og veiledning til din hund og dine behov.

Vi tilpassar timen indiviuelt. Nokon vil lære sportrening, andre vil ha konkurransetrening, nokon vil ha innkallingstrening, bånd og passeringstrening og nokon treng hjelp til valpestreker og biting. 

Laserterapi

Har din hund stive musklar, skader eller treng rehablitering etter operasjon? Eller har sår som treng hjelp til å gro?

Eg er sertifisert som laserterapeut  v/Svenske Laser Medisinske Selskap (SLMS) og behandlar dyr som treng med medisinsk laser.  Eg brukar ein medisinsk laser frå Irradia 904 og 650. 

Laserterapi for dyr:

Laseren hjelper til å  behandle smerter og betennelse med og på same tid kan ein oppnå rask helbreding av skader.

Eg har ein laser frå Irradia, les meir om behandling her:

Massasje

Eg er under utdanning til autorisert hundemassør hjå Nordisk Hundemassasjeskole.

Eg har gjennomført 4 moduler og har att eksamen skriftleg og praktsisk, samt ein del massasjetimer og journalføring. Ta kontakt med meg dersom din hund har tolmodigheit og kanskje kan vera min lærehund i utdanninga.

Eg tek ikkje betaling for massasje under utdanning og håpar å kunne få bruke hausten 2020 til mitt elevarbeid og journalføringsarbeid.

Del denne siden